Brukarvilkår
Brukarvilkår for Reed Foto AS Gjeldande frå 01.01.2026
1. Generelt
Fototenesta er eigd av Reed Foto AS med organisasjonsnummer: 988 972 223. Produksjon av bildeprodukt blir gjort av Reed Foto AS, samt eksterne produsentar gjennom avtale med Reed Foto AS.
2. Bestilling og personopplysningar
Kun personar som har fylt 18 år og er myndige kan handle med oss. Alle bestillingar gjort med ein elevkode blir vurdert som plassert av kunden, som då blir ansvarleg for ordren. Personopplysningane vil kun bli brukt så lenge du er aktiv brukar. Dei vil bli oppbevart inntil du slettar opplysningane sjølv eller ber om at dei blir sletta.
3. Reed Foto sine rettar, plikter og ansvar
Reed Foto AS er ansvarleg for alle personlege opplysningar som vert lagra ved registrering og kjøp. Reed Foto AS forpliktar seg til ikkje å selje opplysningar i registeret til tredjepart utan samtykke frå kunden. Ein kunde aksepterer dog at Reed Foto AS må gje nødvendige opplysningar til tredjepart for handtering av uteståande fordringar og handtering av ordrar. Reed Foto AS forbeheld seg retten til å endre både brukarvilkår og kjøpsvilkår, utan skriftleg melding til kvart enkelt medlem/kunde. Dei gjeldande brukarvilkår vil vere publisert på nettsidene våre. Ved å fortsette å bruke nettsidene etter at slike endringar er publisert, aksepterar du endringane.
4. Priser
Gjeldande produktpris er den som er oppgitt i prislista den dagen kunden bekreftar si bestilling. Samtlege priser er angjeve i norske kroner og inkluderar mva. Vi forbeheld seg retten til løpande å endre prisane. Vi reserverar oss mot åpenbart feilaktige prisar. På alle ordrar kjem det tillegg for porto/ eksp. gebyr.
5. Bestilling
Bekrefta ordre er bindande og blir produsert på bestilling frå kunde med personlege bilder. Det er returrett på fysiske produkt, men ikkje på digitale filer. Produkt som ikkje skal betalast må sendast i retur og krav vil bli kreditert når Reed Foto AS mottar produktet.
6. Reklamasjon
Dersom mottatt produkt har feil eller manglar, må kjøpar innan rimeleg tid ta kontakt med oss og oppgje informasjon om feilen/mangelen. Ved reklamasjonar som skuldast feil eller manglar ved produktet, skal tenesteytar – her Reed Foto AS – bære alle direkte kostnadar i samband med kjøpet, inkludert utgiftene til returtransport.
7. Betaling
Bestillingar skal betalast med faktura, og faktura ligg ved produkta når dei vert sendt ut som brevpost eller e-post.
8. Levering
Alle falske ordreinnleggelser og bedrageriforsøk kan/vil bli politianmeldt. Leveringstid er normalt 1-3 veker for bilder og digitale filer. Leveringstid på katalog/ årbok vil variere etter kor lang tid utforminga tar. Prosessen startar etter fotograferinga og gjennomsnittet er 4-8 veker. Ved bestilling av fleire produkt kan leveransen bli delt i to forsendingar. Alle varer blir sendt som brevpost. Vi tek forbehold om forseinkingar ved uforutsette forhold utanfor vår kontroll. Til dømes kan dette være forseinkingar/ forsvunne ordre under transport, tekniske problem vi ikkje har kontroll over, krig, naturkatastrofar og liknande.
9. Skade
Utover det som er nemnt ovanfor, påtar ikkje Reed Foto AS seg ytterlegare ansvar for eventuelle forseinkingar og feil. Unntatt er handlingar gjort med forsett eller grov uaktsemd. Reed Foto AS påtek seg aldri ansvar for indirekte skader eller følgjetap.
10. Tvistar
Tvistar mellom deg som kjøper og Reed Foto AS som produsent skal behandlast av Forbrukerrådet etter gjeldande norske lover.