Korleis jobbar vi:
Starten på ein fotograferingsjobb er litt ulik på grunnskule og vidaregåande skule. For grunnskulane får vi opplyst
namn
på elev og telefonnummer til føresette av skulen. For vidaregåande er det elevane som noterar ned telefonnummer til
føresette, eller eige telefonnummer om dei er over 18 år, under fotograferinga. Til dette telefonnummeret blir det
sendt
ut ein SMS med link til bestilling. Her svarar ein ja eller nei på dei ulike produkta, før ein registrerar
kontaktinformasjon og stadfestar at bestillar er over 18 år. På bakgrunn av desse tilbakemeldingane sender vi ut
bilete
og årbok til dei som ynskjer det saman med faktura for produkta.
Fått bilete men årbok manglar:
Katalogen skal designast, redaksjonelt innhald frå ulike personar på skulen skal skrivast, og skulen har den inn til
minst tre korrekturar før den blir sendt til trykkeriet. Dermed tar det litt tid før den er klar.
Bestillinga mi har blitt delt i to sendingar:
Det er veldig ulik produksjonstid på portrett og gruppebilete i forhold til katalogen, så difor er ikkje det mogleg
å få
sendt det samla og det blir delt i to ordrar. Bileta blir produsert lokalt få dagar etter at SMS er sendt ut.
Katalogen
derimot skal designast, redaksjonelt innhald frå ulike personar på skulen skal skrivast, og skulen har den inn til
tre
korrekturar før den blir sendt til trykkeriet. Når den er klar der sender trykkeriet direkte til dei som har
bestilt.
Leveringstida er i gjennomsnitt 4 – 8 veker, men er avhengig av kor lang tid det tar før vi får svar på korrekturane
vi
sender ut til skulane. Kortid vi får redaksjonelt stoff frå skular og elevar er òg avgjerande for leveringstida.
Ynskjer å returnere bilete eller årbok:
Vi har full returrett på alle bilete levert på fotopapir og årbok. Det er ikkje returrett på digitale filer.
Du finn informasjon om retur på baksida av fakturaen. Der er det og eit returtrykk som du kan klippe ut og lime på
konvolutten. Der står adressa vår og porto er betalt.
Returfristen er lik forfallsdatoen på fakturaen.
Har fått purring frå Visma men har ikkje orginalfaktura:
Kontakt oss på e-post post@reedfoto.no så sender vi deg gjerne kopi av orginalfaktura
Utsette forfall på faktura:
Har du problem med å betale på forfallsdato? Send oss ein e-post til post@reedfoto.no så utvidar vi fristen nokre
dagar
for deg.